På den nye nettsida til Fjordenes Tidende, fjt.no, vil det no bli opna for aktuelle spørsmål som brukarane og lesarane kan stemme på.

Det første spørsmålet vart lagt ut då den nye nettsida vart lansert onsdag for over ei veke sidan.

Det første spørsmålet var om folk meiner det er bruk for eitt eller tre sjukehus i Sogn og Fjordane.

Nesten 1.700 har vore innom og stemt, og det store fleirtalet, 89 prosent, meiner det skal vere tre sjukehus i Sogn og Fjordane. Resultatet var gjerne ikkje så uventa all den tid Fjordenes Tidende har mange lesarar som vil ha tre sjukehus. Men det er viktig å merke seg at det er en prosent av dei som har engasjert seg som meiner det er nok med eit sjukehus i fylket.

I denne meiningsmålinga er det dei som aktivt går inn på sida og stemmer som er grunnlag for resultatet.

- Så mange stemmer vitnar om eit brennande engasjement i denne saka, seier redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.

- Vi vil legge ut nye aktuelle spørsmål, så det er berre å vere innom sida. Det er viktig å merke seg at det blir registrert berre ei stemme frå kvar datamaskin og unike IP-adresse på kvart spørsmål. Såleis så kan ikkje dei ivrigaste sitje å stemme fleire gonger på sitt syn, seier Erling Wåge

Resultatet av det aktuelle spørsmålet vil bli presentert i papiravisa og på nett.

Torsdag vart det lagt ut ei ny avstemming på fjt.no med spørsmålet «Tror du Stadtunnelen kommer?».