– Det er nesten så vi må klype oss i armen for å tru at det er mogleg. Dei er jo eit legendarisk band, fortset ho.

Hylte då det gjekk i boks

Det er nesten ikkje så ho trur det er sant.

– Tenk at DumDum Boys skal stå på scena i vesle Refvik! Det er nesten uverkeleg. Eg hylte då eg fekk melding frå managaren deira om at denne festivalen går dei for.

– Dei må opplevast

Pleym meiner at bandet må opplevast.

– Det blir så bra!

DumDum boys blir rekna som eitt av dei fore store i norsk rock på 80-talet saman med De Lillos, Jokke og Valentinerne og Raga Rockers.

Prepple, Kjartan og gjengen har fleire store hits på samvitet og publikum har mykje å sjå fram til. Dei har fått sett bilde av området dei skal spele på og landet si råaste utescene på landet si finaste strand.

Strandfestivalen er 7. og 8. juli 2023.

Frå før er det kjent at Morgan Sulele kjem. Han steppa inn på ekstremt kort varsel då Madcon blei sjuke i fjor og ikkje kunne stille på Strandfestivalen, men så kom vêr og vind og øydela for vikaren også då fredagen blei avlyst. Men no er han klar.

Stage Dolls, Rotlaus og Vestlandsfanden står også på plakaten.