19. januar sender Forsvaret ut digital melding til bileigarar i Noreg om førebudd rekvisisjon av køyretøy. At ressursar som bygningar og fartøy inngår i ordninga, er nytt frå 2024.

Dersom du eig ein ressurs som Forsvaret har førebudd rekvirert, får ikkje dette noko særleg praktisk betyding for deg i fredstid. Den førebudde rekvireringa gjeld for eitt år av gongen, men kan bli forlengd, skriv Forsvaret.

– Vi gjer førebudde rekvisisjonar fordi militære avdelingar har behov som i krig og krise ikkje er dekte gjennom ressursar vi har i dagleg drift i Forsvaret, seier sjef for Forsvarets logistikkorganisasjon, brigader Anders Jernberg.

(©NPK)