– Tida går og det er stille rundt ei viktig sak: gang- og sykkelveg på Stårheim. Det er ingen tvil om at vi politikarar som sit her ønskjer denne vegen. Det var vi einige om i valkampen, og lova på tru og ære at det skulle vi ordne, skriv Ommedal i ein interpellasjon til kommunestyret.

– KrF er bekymra. Er det noko vi kan gjere for å få fortgang i denne gang- og sykkelvegen? Eg rettar spørsmålet til ordførar, administrasjon og kollegaer i kommunestyret, skriv Ommedal.