Seint onsdag kveld så sende regjeringspartia, Høgre og Framstegspartiet saman med støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti ut invitasjon til pressekonferanse på hurtigbåtkaia i Selje torsdag klokka 13.30. Temaet for pressekonferansen er Stad skipstunnel i Nasjonal Transportplan.

Med på pressekonferansen er to av stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel (H) og Sveinung Rotevatn (V).

Tidlegare denne veka meldte Aftenposten, TV2 og BT at dei borgarlege partia er samde om at tunnelen til rundt 2,6 milliardar kroner er inne i planen med oppstart i den fyrste delen av NTP 2018-29. Fra tidligere har Stortinget satt av 1 milliard kroner til byggingen av skipstunnelen i siste periode av NTP 2014-2023.

Dei som skal vere på pressekonferansen torsdag er for Høgre: Bjørn Lødemel og Elisabeth Røbekk Nørve. For Framstegspartiet: Lars Svein Drabløs og Oskar Grimstad. For Venstre: Sveinung Rotevatn og Lena Landsverk. For Kristelig folkeparti: Tore Storehaug og Jan Helgøy.

Når ein slik delegasjon kjem til Selje på ein slik dag så må dei ha med seg pengar til meir enn nye utgreiingar. Fjordenes Tidende vil vere til stades på kaia i Selje.

Les meir på fjt.no utover dagen.