Arnfinn Kolerud sin kommentar stod på trykk i Fjordenes Tidende 6. mai:

Kommunal symbiose

Av og til kryp krokodillene opp på stranda og gapar høgt. Det er ein invitasjon. Det finst fuglar som tar imot tilbodet. Dei flyg inn i gapet og forsyner seg av matrestar dei finn. Dette er ein vinn-vinn-situasjon. Fuglen et seg mett. Krokodilla får reinsa tennene og tannkjøtet.

Fuglane er mykje tryggare der inne, ser det ut til, enn våre fuglar på matbrettet om vinteren. Når ein oppheld seg inne i kjeften på ei krokodille, slepp ein jo å engste seg for ytre farar.

Naturen er full av slike fornuftige samliv, eller symbiosar, som det heiter på fagspråket. Bier og blomster er nyttige for kvarandre, sopp og tre, maur og bladlus, flodhest og karpefisk.

Når flodhesten søkk ned i vatnet, kjem fisken for å ete daud hud og reinse sår og leite etter godsaker som sit fast mellom tærne. Det er ganske vakkert å sjå på, særleg med den entusiastiske stemma til David Attenborough som bonus.

Eg stemte blankt i valet om kommunesamanslåing. Eg forstår godt kva ein fugl og ei krokodille kan få ut av kvarandre. Og det er muleg å forstå at to menneske kan flytte i lag og inngå kompromiss om sofafarge og feriemål og fiskemiddagar pr. veke. Til gjengjeld kan dei dele husleiga og kysse litt.

Men eg ser ikkje noko vakkert med ein symbiose mellom to kommunar. Stordriftsfordelar, seier regjeringa. På himmelen ser eg stordriftsfordelar. Flokkar av gjæser flyg i plogformasjon for å spare krefter. Dei skiftar på å vere i front, som syklistar. Men kommunar skal ikkje flyge eller sykle, så eg ser ikkje parallellen.

Nokre meiner dessutan at det er for puslete å slå i hop berre to kommunar. Summen blir ikkje robust nok. Å slå seg i hop med berre éin liten nabokommune er kanskje like risikabelt som å gifte seg med berre éi dame. Brått er ho ute av døra. Det er meir robust å samle tre-fire koner på eit storkjøkken. Så slepp dei å koke kvar sin graut i kvar si gryte i kvart sitt hus.

Eller kva, kommunalminister?

God helg, same kva symbiose du er i!