I år er det igjen klart for det tradisjonsrike Dragseidspelet På Sverdeggja. Øvingane er allereie i gang til spelet som i år har framsyningar 28. og 29. mai.

No er det tre år sidan sist spelet vart sett opp på Stadlandet, og leiar i Stadlandet Ungdomslag, som arrangerer spelet, Margit Fløde, meiner det er passe tid.

– Det har litt med skodespelarane å gjere. Dei er veldig mykje dei same, og det er greitt med ei pause. Det er også greitt for arrangørane, for det er ein kjempejobb å arrangere. Og kanskje er det greitt for publikum også, at det går litt tid, slik at det blir litt nysgjerrigheit rundt det igjen, seier Fløde.

Starta øvingane

I slutten av april starta øvingane for fullt før årets spel.

– Vi har funne ut at det er fint å gjere det slik at vi startar øvingane om lag fem veker før premiere. Øvingane blir konsentrert og folk slepp å sette av mange dagar over lengre tid.Øvingane starta med fokus på talerollene.

– Det var ein god plass å starte i år, spesielt fordi det er tre nye skodespelarar med. Og det er naturleg at det er litt meir å jobbe inn då. Men vi hadde også ei fellessamling der alle fekk kome, seier Margit Fløde.

Kor og orkester har også hatt sine innleiande øvingar.

– Orkesteret har fått på plass ei flink gruppe. Heile spelet blir jo starta med ouverturen Dragseidkvida, fortel Fløde.

100 på scena

Både kor og orkester er sett saman av lokale folk, og tel til saman rundt 35 personar. Med skodespelarar og statistar er ein oppe i rundt 100 som skal vere på scena i spelet.

– Vi har også tre profesjonelle skodespelarar, Mikkel Gaup, Idun Losnegård og Roger Hilleren. Det er eit flott fellesskap mellom profesjonelle og amatørar. Det er ikkje skilje.

– Så dei profesjonelle trivst godt på Stadlandet?

– Ja, dei kjem igjen. Og har lyst å vere med, smiler Fløde.

Som tidlegare år vil det også vere mykje som skjer rundt Dragseidspelet. Mellom dei mest markante arrangementa er vikingmarknaden som går føre seg på Dragseidet i timane før spelet startar.

– Her vil skodespelarane også vere med, seier Fløde.