Politiet fekk tysdag ettermiddag melding om at ein bilførar hadde rygga på ei eldre kvinne.
Det skjedde på Bryggja i Vågsøy litt før klokka 15.00.
Bilføraren skulle rygge ut frå ein butikk og såg ikkje den eldre dama i slutten av syttiåra som gjekk langs vegen med gåstol. Det enda med at han var bort i henne med bilen.
Kvinna vart lettare skadd, og sendt med ambulanse til Nordfjord sjukehus.
Politiet rykte ut til staden for sjekke opp kva som hadde skjedd.
Politibetjent i Vågsøy Birger Løvskar seier til Fjordenes Tidende at bilføraren har forklart seg, og at dette var eit hendeleg uhell.
Han seier det var vitne til det som skjedde som skal forklare seg.
All den tid det er snakk om påkøyrsle, og at bilføraren har vore uaktsam, så kan det bli reagert med eit førelegg mot bilføraren, seier Løvskar.
Politiet seier det truleg ikkje er snakk om alvorlege skader.