Klokka 19.20 fredag kveld fekk politiet melding om mistenkeleg køyring av ein utanlandsk bil, på riksveg 15, mellom Bryggja og Eid.

Bilen både vingla og køyrde sakte.

Politiet stansa bilen ved Skåhaug i Eid.

Føraren var edru, men kunne ikkje vise fram gyldig førarkort.

Føraren, i 20 åra, vil bli anmeldt.

Bilen fekk ikkje køyre vidare, opplyser vaktsentralen ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende