I 2016 kjem det ti nye rekrutteringskvotar til fiskaryrket.

- Vi er heilt avhengige av at fiskeflåten kan trekkje til seg engasjerte og interesserte unge fiskarar. Eg har derfor bestemt at det skal lysast ut inntil ti nye rekrutteringskvotar for 2016, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker i ei pressemelding.

Sidan 2009 har departementet årleg lyst ut nye deltakarløyve, også kjent som rekrutteringskvotar, til unge fiskarar som eig fiskefartøy. Målet er å gjere det lettare å etablere seg som fartøyeigar og å sikre rekruttering til fiskaryrket.

Ordninga er berre for fiskarar under 30 år som eig fartøy. Dersom fleire enn ti fiskarar oppfyller vilkåra for nytildeling, vil søkjarar med utdanning i kombinasjon med fartstid bli prioriterte.