Politiet gjennomførte razzian saman med Mattilsynet og Skattetaten etter mistanke om ei rekke lovbrot.
Aksjonen var retta mot Jafsbutikkane på Nordfjordeid, Ulsteinvik, Hareid og Volda, melder smp.no.
Fire menn er pågrepne i samband med razzian. Dei er sikta for trygdemisbruk og forsikringssvindel, samt brot på bokføringslova, utlendingslova og matlova.
I følgje Fjordabladet vart det funne både umerka kjøt og ulovlege innvandrarar under ransakinga på Nordfjordeid.
Dei to som arbeidde på Jafs i Sjøgata på Nordfjordeid hadde ikkje gyldig opphaldsløyve her i landet.
Dei to mennene i 20-åra kom opphavleg til Norge som asylsøkjarar frå Irak, men fekk avslag på asylsøknadene sine.