Rådmann i Bremanger, Tom Joensen, er ikkje overraska over at Danske Bank ankar avgjerda frå Borgarting lagmannsrett.

Danske Bank godtek dermed ikkje å måtte betale kommunen 120 millionar kroner etter Terra-skandalen.

Saka omhandlar derivatavtalane som blei inngått mellom Fokus Bank (no Danske Bank) og Bremanger kommune i 2006 og 2007, som kommunen har fått medhald i at var ugyldige i både Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett.

Fredag fekk kommunen forkynt anken, ifølgje NRK Sogn og Fjordane, og har dermed tre veker på å svare på denne.

Kommunen vil jobbe for å stoppe saka før den kjem til Høgsterett.

– Vi har to klare dommar frå tingretten og lagmannsretten. Det sentrale spørsmålet er om det er element i saka som er av så stor prinsipiell karakter at det forsvarar ei handsaming i Høgsterett. Det meiner vi at det ikkje er, seier Joensen,  og legg til at 90 prosent av sakene som blir lagt fram for ankeutvalet blir avvist.