Lensmann i Bremanger, Espen Gulliksen, tar politimeisteren si avgjerd om å halde på kontoret i Bremanger, som eit positivt signal for framtida.
Lensmann i Bremanger, Espen Gulliksen, er glad for at politimeisteren har snudd i synet på Bremanger som ein framtidig tenestestad. I førre runde av reforma vart kontoret foreslått avvikla. Etter høyringsrunden er no lensmannskontoret i Svelgen foreslått bevart. – Det er viktig og positivt for Bremanger sin del at vi får signal om at vi framleis skal ha lensmann og lensmannskontor her, seier Gulliksen. Foto: Ingrid E. Haugen