Til hausten blir det sett i gang strakstiltak i dei tre tunnelane på Strynefjellet, skriv fjordingen.no.
Det vil føre til at den viktige stamvegen aust-vest blir stengd i periodar komande haust og vinter.
I følgje Fjordingene er det i første omgang snakk om fjerning av plater i veggar og tak for å kunne reinske og sikre bak desse.
Strakstiltaka er nødvendige for å kunne oppretthalde trafikken i påvente av permanent tunnelløysing på Strynefjellet.
Omfanget av arbeidet og stenging vert tema på eit møte på Grotli 1. juli. Der skal representantar frå Skjåk og Stryn kommunar, transportfirma, busselskap, turistnæring og andre møtast, og blir bedne om å kome med innspel.
Det skal reinskast både i Grasdalstunnelen, Oppljostunnelen og Ospelitunnelen.