At fylkesleiaren i Ap bryr seg meir om flypassasjerar enn sjuke folk provoserer ordføraren i Vågsøy.

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy melde seg ut av Arbeidarpartiet fordi partiet braut med løfter frå eigen valkamp og eiga regjeringserklæring då dei røysta for å legge ned lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

Silden gav beskjed om at for han var helsa til folk i eigen kommune langt viktigare enn velferden til eige parti.

At Ap sin fylkesleiar, Nils P. Støyva, meinte ein ting som ordførar i Stryn, ein annan som medlem av Nordfjordrådet og at han hadde ei tredje meining som styremedlem i Helse Vest, vart for Silden totalt uforeinleg med å vere medlem i Ap.

No har Silden igjen late seg provosere av Arbeidarpartiet sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane.

- No har endeleg fylkesleiar Støyva oppdaga at det er snakk om lange avstandar i Sogn og Fjordane, seier Roger B. Silden, etter at Nils P. Støyva i lokalradioen gav uttrykk for at han var sterkt imot at færre flyplassar her i fylket skulle ha ruter til og frå Bergen, nettopp på grunn av dei store avstandane.

Heile saka står i papirutgåva fredag 18. februar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende