Kunstgras, nytt dekke på løpebana, nytt lysanlegg, tak over tribuneanlegget og ei forlegning av trimløypene i Skramsdalen skal gjere Måløy stadion til eit fullt oppdatert anlegg om Måløy Idrettslag får det som dei ønskjer.

Prislappen er på mellom 7 og 8 millionar kroner og arbeidet kan starte allereie neste år.

– Heile Vågsøy vil kunne dra nytte av dette. Og skal vi byggje dette må vi gjere det no. Og då må vi satse litt og få eit komplett anlegg, seier Isak Kvalheim i Måløy Idrettslag.

Oppgradering av Måløy stadion er kostnadsberekna til mellom 7 og 8 millionar kroner.

– Dette er eit stort prosjekt. Vi skal få på plass alt saman, så vil hausten vise kor mykje gehør vi kan få for dette og kor mykje næringslivet ser verdien i det slik at vi får fullfinansiering på dette, seier Kvalheim.

Det er Vågsøy kommune som eig anlegget og vil stå som utbyggjar.

– Vi har god dialog med kommunen om planane, og vil sjølvsagt gå i tospann med dei som eigar av anlegget, seier Kvalheim.

Han utgjer saman med Per Kristian Steenslid, Martin Øvrebø og Jimmy Nore prosjektgruppa i Måløy Idrettslag som det siste året har jobba med planane dei vil setje i verk når snøen smeltar i 2013.

Les heile saka i papirutgåva onsdag 5. september.