Fredag kveld rundt klokka 23.00 vart det sett i gong ein leiteaksjon etter ei jente i tenåra i Eid.
Personell frå politiet, Eid brannvesen og Eid Røde Kors var med på leiteaksjonen. Etter fire og ein halv time vart jenta funnen i god behald ikkje så langt ifrå heimen.
Ho vart funnen klokka 03.30 natt til laurdag, opplyser Sogn og Fjordane Politidistrikt.