Ein mann i 20-åra er mistenkt for promillekøyring i Måløy, natt til laurdag.

Det var rundt klokka 03:00 at politiet tok hand om mannen dei mistenkte å ha køyrt bil med promille i blodet.

Mannen i 20-åra blei teken med til lege for blodprøve og politiet har oppretta sak etter hendinga, opplyser Sogn og Fjordane politidistrikt.