Ein sjark som dreiv fiske vest av Vågsøy, fekk onsdag maskinstans, og måtte ha slep til land.

Sjarken låg 30 nautiske mil vest av Vågsøy.

Redningsskøyta Simrad Buholmen gjekk ut frå Måløy for å slepe båten til land.

- Redningsskøyta var framme ved båten og hadde fått slepar om bord klokka 14.25 onsdag ettermiddag, opplyser redningsleiar ved Hovedredningssentralen på Sola, Hans Christensen til Fjordenes Tidende.

Båten som hadde problem var Esøybuen frå Florø.

Det var ein mann om bord i båten.

Etter det Fjordenes Tidende får opplyst hadde båten teke inn ein del vatn i maskinrommet, men Christensen seier det ikkje har vore nokon fare for at båten skulle gå ned.

Ein annan fiskebåt som låg i nærleiken assisterte fiskebåten til redningsskøyta kom.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende