– Med bakgrunn i analysen som er gjort av organisasjonen og drøftingane som er gjennomført med politikarane og næringslivet, vil rådmannen tilrå at arbeidet blir vidareført gjennom Vanylven Utvikling AS i preioden 2018-2021, heiter det i saksutgreiinga.

Vanylven kommune har, saman med næringslivet, organisert næringsarbeid i eit felles Vanylven Utvikling AS. Dette har vore kommunen sitt næringsapparat og næringslivet sin interesseorganisasjon.

Det vart i 2016 starta ein prosess med evaluering av selskapet og denne prosessen er no avslutta. Politikarane og næringslivet skal no ta stilling til korleis dette arbeidet skal organiserast vidare.

Forventingar frå kommunen til organisasjonen sitt arbeidsområde blir fastsett i det årlege tildelingsbrevet, saman med ei  løyving på ein million kroner.

Då saka var til handsaming i formannskapet hadde fleirtalet med eit tillegg om at ein oppfordrar Vanylven Utvikling til framleis å vere sekriteriat for Rovdefjordsambandet ut 2017.

Saka skal til handsaming i kommunestyremøtet i Vanylven 21. mars.