Fylkesrådmannen Tore Eriksen har brukt dei siste dagane på å gå gjennom framlegget til statsbudsjett for 2015.

Med tanke på kva som blir følgende for Sogn og Fjordane fylkeskommune er dette er nokre av det som Eriksen merka seg med det blålblå forslaget:

1. Kommuneproposisjonen viste at vi på 5 års sikt ville bli tatt ned 262,5 millioner kroner, men at vi samtidig ville få ein tapskompensasjon på 34,8 millioner kroner. Det budsjettet regjeringa no legg fram viser at den langsiktige inntektsreduksjonen er auka til 278,8 millioner kroner, medan tapskompensasjonen er redusert til 31,5 millioner kroner. Det langsiktige nettotapet er såleis auka med 19,6 millioner kroner til 247,3 millioner kroner.

I tillegg til dette venter vi ein inntektsreduksjon som følgje av mellom anna redusert elevtal. Denne er så langt anslått til cirka 30 millioner kroner fram mot 2019.

2.   Satsinga på fornying og opprusting av fylkesvegane er auka med samla 70 millioner kroner. Av dette får vi om lag 5 millioner kroner(7,2 prosent). Dette vil – isolert sett – gje oss auka inntekter.

3. Investeringsrammene i rentekompensasjonsordninga for fylkesvegar er for oss sett ned frå 139 millioner kroner til 116,7 millioner kroner årleg. Samstundes aukar den nasjonale investeringsramma frå 2 til 3 milliarder kroner. Vår prosentvise del går såleis kraftig ned. I finansutvalet sitt budsjettopplegg er det så langt lagt opp til veginvesteringar under dette nedjusterte nivået. Endringa får såleis ikkje nokon direkte budsjettkonsekvens.

4. Vi får 64,8 millioner kroner årleg i kompensasjon (5 år) for pårekna meirutgifter for å imøtekome krava i ei ny tunnelforskrift. Desse midlane må fullt ut må nyttast til dette føremålet. Midlane vil såleis gje oss tryggare tunnelar, men vil ikkje kunne hjelpe oss i høve dei økonomiske utfordringane vi elles har. Tal frå Vegdirektoratet (2013) viser at det vil koste 615 millioner kroner å tilpasse tunnelane våre til nemnde forskrift. Vi må difor ha langt meir enn 65 millioner kroner årleg (5 år) for å kunne imøtekome denne forskrifta.

5.    Under programkategori Distrikts- og regionalpolitikk er det nasjonale nivået redusert med om lag 190 mill. kr. Reduksjonen er delvis grunngjeven i den auka satsinga på fylkesveg. Førebels fordeling viser ein realnedgang på dei regionale utviklingsmidlane (KMD-midlane) til fylket vårt på om lag 3 mill. kr. Vi kjem attende med ei nærare vurdering også for tilgrensande programpostar (mellom anna DAA og breiband).

6.    Statsbudsjettet opnar for ein viss realvekst til kulturinstitusjonane i fylket. Dette vil i så fall krevje auka løyvingar også frå kommunane og fylkeskommunen.

Fylkesrådmannen si førebelse vurdering er at budsjett- og økonomiplanarbeidet no vil bli endå meir utfordrande, både på kort (2015) og lang (2019) sikt.