Styret i Kjølsdalen Montessoriskule har bestemt seg for å satse på ungdomsskule frå hausten av, skriv Fjordabladet.

Det var i midten av mars at Utdanningsdirektoratet sa ja til at Kjølsdalen Montessoriskule frå hausten av kunne utvidast til og å gjelde ungdomsskuletrinna. Noko som betyr at skulen er godkjent for 53 elevar på 1.–10. trinn.

Skuleleiinga starta rundt påske ei kartlegging av kva kompetanse ein måtte ha på plass for at eit ungdomsskuletilbod kunne setjast i verk, og no er altså tilbodet klart.

– Elevane blir oppmoda om å ta eit heilt fritt og ope val. Det vi forventar er at dei som søkjer tek eit bevisst val om at dei ønskjer å høyre til eit lite Montessori-miljø, seier rektor Thomas Hals til Fjordabladet.