Av 2.250 personar som har stemt på siste aktuelle spørsmål på fjt.no meiner heile 87 prosent at Stad Skipstunnel må byggjast.
Berre 13 prosent er samd med konklusjonen til den siste rapporten til Kystverket om at den ikkje må byggjast.
Denne spørjeundersøkinga syner altså at det er ei massiv støtte til dette prosjektet.
Det er muleg å stemme berre ein gong frå kvar datamaskin til denne undersøkinga.
Fredag 4. februar skal det vere ei større konferanse om Stad Skipstunnel i Ålesund der
Det er prosjektgruppa for Stad skipstunnel med støtte frå kommunane Vanylven, Selje og Vågsøy, fylkeskommunane Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som er arrangør.
Målet er å sette fokus på næringsinteressene, og påverke politikarane som skal avgjere dette
Konferansen blir opna med ein ny informasjonsfilm på tre minutt om skipstunnelen. Innleiarar på konferansen vil blant andre vere Knut Arild Hareide, Jørgen Amdam, Helge Haukeland, Vidar Grønnevik og representantar for ulike sektorar i næringslivet.