Ervikfisk har gjort avtale om levering av ferske fiskeprodukt med matvarekjeda Coop.

Den nye produktserien blir kalla «Coop Smak Forskjellen», og skal lanserast i september, opplyser salssjef i Ervikfisk, Arve Solskjær, til avisa Fiskeribladetfiskaren.

Fisk som blir produsert om bord i den nye linebåten Frøyanes som skal ut i dei 180 butikkane som kjeda har rundt om kring i Norge.

Det er snakk om porsjonspakkar med steinbit, torsk og skiver av kveite som skal pakkast med Coop sin emballasje om bord i Frøyanes, og som blir frosen fersk.

Han meiner det ikkje er nokon som har gjort akkurat dette før, og at det ikkje er muleg å få produkta ferskare.

Det har vore ein lang prosess med godkjenning av vareprøver og utvikling, og Ervikfisk meiner at kvaliteten no er så god at dei kan lever topp produkt til matkjeden.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende