– Vi er her for å saldere budsjettet og vi må ut av kommunen for å få arbeidsro, seier kommunedirektør Åslaug Krogsæter i Stad kommune.

Med på turen var Åslaug Krogsæter, assisterande kommunedirektør Kristine Dahl, kommunalsjefane Harald Sivertsen, Barbro Longva og Astrid Fossheim Paulsen og stabsleiarane Ole Starheim, Kristin Otneim Aarsnes og Ingunn Rotihaug.

Skal finne innsparingar

I det konsekvensjusterte for budsjettet 2023, der ein vidarefører dagens drift, manglar kommunen 76,4 millionar kroner på eit budsjett i balanse. Politikarane i formannskapet bad i sitt førre møte administrasjonen finne moglege innsparingstiltak for så å kome tilbake til politikarane med eit saldert budsjett.

Det er dette arbeidet som vart gjennomført på Hotel Union Øye. Krogsæter fortel at leiargruppa også tidlegare har reist ut av kommunen når dette arbeidet har stått på agendaen.

– Vi reiser vekk kvart år. Det gjer leiargruppene i fleire kommunar og det er heilt vanleg, seier kommunedirektøren.

– Heilt vanleg

– Er de uroa for signaleffekten de sender når leiinga reiser på hotellovernatting for å finne innsparingar?

– Det handlar ikkje om vi er ei natt på hotell i året eller ikkje. Vi må ha vilkår for å gjere dette arbeidet. Reiser vi ikkje vekk så blir vi kontinuerleg forstyrra. Ei kvar leiargruppe, også i kommunane rundt om, gjer dette, svarar Krogsæter.

Kostnadane knytt til opphaldet, som varte frå måndag til tysdag, blir tatt frå sentraladministrasjonen sine midlar.