Kveen AS, som har grunnarbeidet i prosjektet, starta arbeidet måndag.

Rise: Like sør for Johan Flo & Søn kjem Felleskjøpet sin nye butikk. Foto: Norkart AS/ MJ Arkitektkontor

Tiltakshavar og eigar av det påbegynte næringsbygget er Solvang Næringspark AS, heileigd av Allbil AS som også eig Toyota Nordfjord på nabotomta.

– Vi er veldig glad for at arbeidet no er i gong og gler oss til å skape meir næringsaktivitet på Rise, seier eigar Ørjan Solvang til Fjordingen.

Ørjan Solvang. Foto: Marianne S. Rotihaug/Fjordenes Tidende
Har starta: Kveen AS, her representert av f.v.: Eskil Kveen, Alf-Tomas Takle Tytingvåg og Arne Ovelsen, har starta grunnarbeidet på Rise der Felleskjøpet Agri skal etablere seg. Foto: Roger Oldeide

Når Felleskjøpet kan vere klar til opning i dei nye lokala er ikkje klart. Verken Felleskjøpet sentralt, eller butikksjef i Stryn, Harald Rune Auflem kunne svare på dette onsdag.

Dragebygg AS er ansvarleg søkjar for prosjekteringa og utføring av tiltaket. I tillegg til Kveen AS, som altså har grunnarbeidet, står Kr. A. Vik AS for prosjektering og utføring av sanitærinstallasjonar og varme- og kuldeinstallasjonar. I tillegg bidrar Førde Sementvare AS, Firesafe AS og ERA GEO AS.

Rise: Felleskjøpet Agri etablerar seg på Rise Foto: Roger Oldeide