Møtet varer frå 10.15 til 15.30.

Du kan sjå møtet på fjt.no eller på Kommune-TV.

Vi vil også ha livestudio frå møtet slik at dei som ikkje har sjanse å følge med på stream, kan kikke innom og raskt halde seg oppdaterte om dei er heime, på jobb eller på tur.

I tillegg kjem artiklar og videosnuttar frå den historiske dagen der kommunestyret skal lande på kva råd dei skal gje statsforvaltaren, om dei vil at kommunen skal fortsette eller om ein bør reversere.

Sidan vi samarbeider med Firdaposten vil alt stoff vi produserer også vere tilgjengeleg på firdaposten.no.