– Fjordenes Tidende er i ferd med å fornye seg og vi er eit mediehus som skal utvikle oss, seier redaktør og dagleg leiar Håvar Fagerli i Fjordenes Tidende.

Han er svært godt fornøgd med den nye logoen som han presenterte under Framflyt-konferansen på Måløy vidaregåande skule tysdag.

– Eg blir meir og meir glad i den og stolt av den. Vi har jo sett den ei stund, men ikkje så mykje i offisiell bruk enda. Vi ønskjer at publikum skal bli kjent med logoen vår og at det skal vere lett å kjenne att Fjordenes Tidende.

I arbeidet med ny logo er det tatt utgangspunkt i den tidlegare logoen som er sett saman av bokstavane i Fjordenes Tidende.

– Logoen var moden for fornying og oppstramming, og det vi har fått ser vi på som moderne og tidsriktig, samstundes som logoen tydeleg blir identifisert med Fjordenes Tidende og fjt.no.

Lanserte logoen på konferanse

Det var dei frammøtte på Framflyt-konferansen på Måløy vidaregåande skule som vart dei første som fekk sjå den nye logoen.

– Framflyt var ein naturleg plass å lansere nyheita om at vi skal fornye oss. Det er marknadsføringselevane som arrangerer konferansen, og marknadsføring handlar om synlegheit. I tillegg ser vi opp til Framflyt-arrangørane og håpar at ungdomane på konferansen, og elles, vil følge Fjordenes Tidende framover.

Det er verksemda Byrr som har laga den nye logoen til Fjordenes Tidende.

– Vi har hatt ein veldig fin dialog med Byrr, som lagde fleire framlegg til ny logo. Vi har også hatt ein veldig fin prosess i mediehuset, der alle har fått vore med i prosessen. Det har vore ein demokratisk prosess, og i dag stiller alle seg bak den nye logoen, som vi kjenner oss godt igjen i, seier Fagerli.

Lyden av fjt

Men det var ikkje berre den nye logoen som vart vist fram på Framflyt. Publikum fekk også oppleve urframføringa av det som er lyden av Fjordenes Tidende.

– Vi gav Aleksander Raftevold ei kjempeutfordring då vi bad han lage ein jingle eller kjenningsmelodi til podkasten vår, Tidendes pod, men også ein jingle til heile Fjordenes Tidende, fortel Fagerli.

– Raftevold trefte oss med ein gang med det han produserte, og vi er veldig stolt av låten, seier Fagerli.