Redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge, seier at avisa har eit sterkt fokus på digital formidling av nyheiter og underhaldning på nettsida fjt.no. Grunnen til dette er at stadig fleire av abonnentane har blitt digitale, det vil seie at dei har tilgang til og kan lese alt som blir publisert på nettsida.
– Stadig fleire av abonnentane våre har registrert seg som Pluss-brukarar. I dag har nesten 40 prosent av papir-abonnentane registrert seg, og då har dei også tilgang til alt som er lagt på Pluss på nettsida vår, seier Wåge.
– Difor prøver vi også å legge ut saker og ting som skjer tidlegare enn før, gjerne kort tid etter at vi har laga sakene.
Han trur mange av dei som abonnerer på papiravisa ikkje er klar over at dei kan registrere seg utan ekstra kostnader.
– På fjt.no er det godt forklart korleis dette kan gjerast. Og er du i tvil, så kan du kontakte kundesenteret vårt så hjelper vi deg med å registrere deg.
Stadig fleire blir digitale
– Det kostar å lage journalistikk både på nett og papir. Det kostar å vere til stades på politiske møte, kultur- og sportsarrangement, ulukker, festivalar eller kva det måtte vere. Når vi stadig får fleire digitale abonnentar, er det naturleg at dei får litt ekstra ved å vere registrert som Pluss-abonnent, seier Wåge. Fjordenes Tidende har tre abonnementstypar: «Komplett», «Digital» og «Ung».