Natt til måndag var det innbrot i to forretningar og ein kafe i Måløy.

Når dei tilsette kom på jobb måndag morgon oppdaga dei at ein eller fleire gjerningsmenn har brote seg inn gjennom dørene, og tømt kassaapparata for pengar.

Politibetjent Birger Løvskar ved Vågsøy lensmannskontor seier innbrota har skjedd hos Verlo, Kaibutikken og Bjørgs kafe.

Politiet har vore ute på dei tre plassane og sikra seg spor.

Tjuvane har teke seg inn ved å knuse vindauge i inngangsdøra, og låst seg inn inngangsdøra.

Løvskar seier at det er vekk rundt 2.000 kroner på kvar plass, altså totalt rundt 6.000 kroner. I tillegg kjem skader på inngangsdørene.

- Det er tydeleg at den eller dei som har gjort dette har vore ute etter pengar, og ikkje andre gjenstandar.

Løvskar seier politiet er interesserte i tips dersom nokon har sett noko natt til måndag.

Politiet vil no sjekke om det kan vere overvakingskamera som kan ha fanga opp noko. Løvskar seier dei har visse spor å gå etter, utan at han vil utdjupe det noko meir.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.