Det var prosjektleiar Frank Husevåg og kommunalsjef Randi Ytrehus som føreslo å bygge nytt omsorgssenter i Svelgen i staden for å rehabilitere det gamle. Om få dagar overlèt dei hjartebarnet til bebuarane.

Svelgen sitt nye omsorgssenter starta som eit prosjekt for rehabilitering av og påbygg til eksisterande sjukeheim.

– Vi hadde to forprosjekt, men då vi kikka nærmare på løysingane, såg vi presset det skapte i nabolaget, utfordringar med parkering og logistikken i byggeperioden, og ikkje minst det å skulle bygge med eldre og sjuke bebuarar i huset. To år med støv, støy og mykje folk. Det var inga god løysing, seier Husevåg.

Dei begynte å sjå på andre alternativ, og Husevåg lagde tidleg i 2011 ei rask skisse til nybygg på ei 7,5 mål stor tomt ved sjøen ved Svelgen stadion.

– Tomta var ideell. Dei eldre skal ikkje gøymast vekk. Dei skal få vere ein del av livet, seier Randi Ytrehus, kommunalsjef for pleie og omsorg.

Flytta til sentrum

Det blei politisk diskusjon. Tomta var nemleg regulert til næringsformål og blant dei mest attraktive i Svelgen. Men i juni 2011 vedtok kommunestyret å omregulere og flytte sjukeheimen til sentrum.

– Alt var betre her. Dei eldre kunne bruke området sjølvstendig, det blei lettare for pårørande, byggeprosessen blei lettare og vi kunne nyttiggjere oss spillvarme frå Elkem. No har vi fått eit signalbygg i sentrum som har gitt heile staden ei ansiktsløfting, seier Ytrehus.

Nybygget, teikna av Nordplan, har mellom anna fått eige lysdesign med fasade-, tre- og kunstbelysning laga av same lysdesignar som Elkem brukte.

Brei medverknad

Ei stor gruppe menneske har brukt mykje tid på at det nye omsorgssenteret skulle bli mest muleg funksjonelt.

– Vi har hatt med oss Eldrerådet, Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, verneombod, tillitsvalde, tilsette, politikarar og administrasjonen, seier Ytrehus.

Laurdag klipper ordføraren snora for Bremanger si største investering nokosinne.

– Vi håpar mange kjem og ser bygget no før bebuarane flyttar inn, seier Husevåg.