Har du sakna sola? Torsdag kjem ho tilbake, men gleda blir kortvarig.

I dag onsdag startar dagen med skyer og nordaustleg liten kuling eller frisk bris av skiftande retning. Utover dagen kan vi ifølge meteorologane vente oss nokre regnbyer. Temperaturane vil ligge rundt sju grader.

Når vi nærmar oss helg, fredag, er det meldt om at rengbyene kjem på besøk. Temperaturen finn seg mellom åtte og ti grader, og vinden kjem som søraustleg bris, opp i liten kuling på kysten.