Klokka 15.33 fekk operasjonssentralen i Florø melding om ei bilulykke cirka 150 meter frå Eidekrysset i Selje kommune.

Ambulanse og brannvesen er på staden.

- Vi veit veldig lite, politipatrulje er på veg. Vi veit at det er eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen med ein person i. Denne føraren har blitt køyrt til lege i Selje og til sjekk der. Vi kjenner ikkje til bakgrunnen for ulykka eller skadeomfanget til føraren, opplyser Hans Petter Harlem ved operasjonssentralen.

Ulykka har skjedd cirka 5 kilometer frå Selje sentrum, mot Åheim.