Påbygget ved Gjerdane barnehage var først blitt estimert å koste 25,75 millionar kroner. Dei siste tala viser at dette har auka til 31,6 millionar.

– Det er jo først og fremst ein gladsak at vi treng meir barnehageplass. Det må vi applaudere, sa Jan Vidar Smenes (Ap).

Jan Vidar Smenes (Ap) Foto: Bjørn Erik Drabløs

– Men om vi går litt tilbake har ein god del saker blitt dyrare, som ny brannstasjon, beredskapssenter, helsesenter, Myroldhaug, Fossevegen og no Gjerdane barnehage.

Sjølv om han ikkje hadde det eksakte talet på kor store desse overskridingane blir til saman, så poengterte han at dette er pengar som både han, og sikkert mange andre, kan tenke at hadde kome godt med andre stadar.

– Om ein legg saman summen, så svarar til det fort eit basseng både her og der, sa han med referanse til bassengsaka i ytre.

Smenes meiner derfor at når politikarane først må ta omsyn til éin pris når ein sak kjem på bordet, for så å på nytt ta stilling til prisauke seinare, så gjer det det vanskeleg å vere lokalpolitikar.

– Vi kjem alltids til å bomme litt, men kan vi gjere noko for å treffe betre og kvalitetssikre tala vi har når vi skal sitte og fatte vedtak?

Kommunedirektør Åslaug Krogsæter uttala at ho forstår frustrasjonen, men at det heile er svært samansett.

– Eg har ingen problem med å forstå fortvilinga, men det er veldig samansett kvifor det blir slik. (...) Når det gjeld denne aktuelle saka så er det som ved mange andre prosjekt grunnforholda som er utfordringa. Ved Gjerdane barnehage var det kvikkleire som var problemet, og derfor blei det denne prisstiginga.