Politiet minner om at langing av alkohol er ulovleg og har konsekvensar både for den som langar og den som blir langa til.

– Det er forbode å kjøpe brennevin til nokon under 20 år eller annan alkoholhaldig drikke til nokon som er under 18 år. Straffa er bøter eller fengsel inntil seks månadar, seier Christine Alsaker Danielsen, politikontakt ved Stad politistasjon.

Viss saka er grov, eller nokon blir tatt for langing fleire gongar, kan ein få fengsel i inntil to år, fortel politikontakten.

– I tillegg vil eit slikt brot på lova også kome på rullebladet til den som langar. Så viss ein blir tatt, kan det få konsekvensar for framtida, for eksempel for studier, jobbar og med tanke på å skaffe seg visum til enkelte land, seier ho.

Politiet understrekar at lova er laga og aldersgrensene sett for å beskytte barn og unge for dei uheldige skadeverknadane som alkohol kan føre til.

– Ikkje ute etter å ta dei

Politiet og dei daglege leiarane ved Vinmonopola i Måløy, Stryn, på Nordfjordeid og på Sandane tar no opp kampen mot langinga som skjer, og står no samla for å få ungdom og unge vaksne til å forstå at dette både er ulovleg og kan ha alvorlege konsekvensar, både for den som langar og dei som får alkoholen.

Vinmonopolet understrekar at det handlar om å heve kunnskapen og bevisstheita om problemet.

– Verken politiet eller vi er ute etter å ta dei. Vi vil dei vel, og vi ønsker eigentleg berre at dei kjenner til konsekvensane. Vi er også opptatt av at alle rundt må vere bevisste på problemet og følge med, seier dagleg leiar ved Vinmonopolet på Nordfjordeid, Bente Hafsås Løken.

– Veldig mange anar nok ikkje konsekvensane av det dei gjer når dei langar alkohol, seier dagleg leiar Linda Midthjell ved Vinmonopolet i Måløy.

Både dei og politiet kjenner på at eit ansvar for all ungdom i Nordfjord.

– Det er vår ungdom det handlar om. Ungdommane beveger seg i Nordfjord og reiser på fest på ulike plassar, seier dagleg leiar Anne Elin Ekornesvåg ved Vinmonopolet i Stryn.

Politiet og Vinmonopolet sine daglege leiarar har hatt ein dialog om langing, men det er første gong dei har gått saman for å informere presse og gjere alle bevisste på utfordringa i lokalsamfunna. Foto: Kjellrun Åsebø

Unge vaksne som langar

Det er også grunnen til at politiet og Vinmonopolet samla tar opp temaet. Dei har dialog i det daglege, men no vil dei også sette fokus på haldningar, konsekvensar og ansvar.

Ifølge Danielsen er det unge vaksne som oftast langar alkohol til mindreårige.

– Vi ønsker å ansvarleggjere dei som kjøper alkohol til mindreårige. For dei er ansvarlege for det som kan skje med dei mindreårige når dei er berusa, som overgrep og ulykker. Dei gir alkohol til unge menneske som ikkje har erfaring med alkohol, seier Danielsen.

– Svært ofte rus involvert

Politiet si erfaring er at barn og unge er mykje meir utsett for ulykker , seksuelle overgrep og valdshendingar om dei er rusa.

– I mange tilfelle er både offer og gjerningsperson rusa, seier Danielsen.

Ho meiner langing av alkohol er eit stort problem i Nordfjord, og seinast i helga måtte politiet stoppe ein fest i Vallhall på Nordfjordeid der ungdommar heilt ned i 14-årsalderen var samla.

– Mange på denne festen var overstadig berusa. Og desse får jo alkoholen ein plass frå, seier Danielsen.

Barn under 18 år har ikkje lov å drikke alkohol, og ingen av dei anbefaler foreldre å sende med ungdommane sine alkohol for å unngå langing.

– Foreldre må vere gode forbilde, og ikkje kompisar, når det gjeld alkohol til barn under 18 år, seier Ekornesvåg.

Dei ber foreldre om å følge med og følge opp.

– Foreldre ønsker sjølvsagt å tru det beste om barna sine – og det skal dei også. Men dei skal også vere kritiske og følge opp. Ungdom har ofte lyst å utforske og prøve seg ute i vaksenlivet. Noko dei også skal få lov til. Men foreldra har ansvar for å følge opp slik at det skjer på ein trygg måte, seier Danielsen.

Lettare no enn før

– Er det meir langing no enn før?

– Det er vanskeleg å seie bastant at det er meir langing no enn for nokre år sidan. Men det som har endra seg er at utviklinga innan sosiale medium heile tida gjer det lettare å få tak i rus, seier Danielsen.

Politiet er glade for at dei har dei tilsette på Vinmonopolet på lag når det gjeld å bekjempe denne utfordringa.

Og dei tilsette på Vinmonopolet er heilt klare på at dei har eit samfunnsoppdrag som seier at Vinmonopolet er samfunnet sitt viktigaste virkemiddel for å sikre ansvarleg sal av alkohol, og dermed sørge for att mindreårige ikkje får kjøpe alkohol.

– Vi kan ikkje nekte eit lovleg sal, men dersom vi ser at unge vaksne kjøper ei stor mengde kan vi snakke med dei. Og vi kan anmelde om vi ser sjølve langinga, seier Hafsås Løken.

– Det er mange ungdommar som klarer å drikke utan at det skjer noko konkret. Men når eg ser på vår statistikk synes eg det er urovekkande alle dei overgrepa og ulykkene som skjer der ofte både offer og gjerningsperson er rusa. Det er ikkje ufarleg for mindreåringe å drikke og her må vi alle ta ansvar, seier Danielsen.

Gode råd til foreldre

  • Følg med på ungdommen din når han eller ho er ute.

  • Ha kontakt med han eller ho gjennom kvelden.

  • Hent han eller ho dersom det er nødvendig.

  • Snakk med ungdommen din om kva konsekvensar det kan ha å ta imot og drikke alkohol som mindreårig, som ulykker og seksuelle overgrep.

  • Snakk med ungdommen om kva konsekvensar det kan ha for den eldre vennen som langar, som bøter og fengselstraff.

  • Ver tett på ungdommen.

  • Snakk med andre foreldre slik at ein lettare kan følge med og passe på.

  • Still opp som vakter på ungdomsfestar og som natteramnar.

  • Les gjerne kva ungdom svarer på undersøkinga Ungdata i ditt område.

Gode råd til barn og unge

  • Gjer deg kjent med kva konsekvensar langing kan ha for deg sjølv og den som lagar.

  • Pass på deg sjølv. Det er mykje lettare å prøve andre ting eller å gjere ting ein eigentleg ikkje har lyst til når ein rusa.

  • Pass på kvarandre ute. Dersom nokon har skada seg, treng hjelp eller må komme seg til legevakta, hjelp dei.

  • Ikkje spring dersom politiet kjem. Dei er ikkje ute etter å ta deg, men å snakke med deg og hjelpe deg.

  • Du er god nok som du er. Ver tøff nok til å seie nei.