Naudetatane rykte torsdag kveld ut til ei fallulukke i Florø.

– Ein person har falle ned frå høgde. Vedkommande er medviten, melder Vest politidistrikt torsdag kveld klokka 19.08.

Klokka 19.30 melder politiet at det er ein mann i 50-åra som har falle ned frå ein stige.

– Arbeidet skal ha skjedd på fritid. Mannen er frakta med ambulanse til lokal legevakt, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Politiet tok vitneavhøyr og gjorde åstadundersøking på ulukkesstaden.