I 2018 begynte dei første symptoma å komme på det som seinare viste seg å vere fibromyalgi, ein kronisk sjukdom og for hennar del er mykje verk i musklar og skjelett.
Maustad har tidlegare snakka med Fjordenes Tidende om korleis ho bruker trening for å kunne vere betre fysisk og for å kunne jobbe i 50 prosent, og også om skammen som ein ofte føler når ein må trene i vanleg arbeidstid.
Forbundsleiar Helga K. Melvær i Noregs Fibromyalgi Forbund seier til NRK Vestland at mange av deira medlemmar kan kjenne seg igjen i det Maurstad seier om «turskam».
– Spesielt gjeld dette i ein tidleg fase før ein har nok kunnskap om eigen sjukdom. Folk kan kjenne på eit stigma, fordi det er ulike haldningar i samfunnet og blant helsepersonell.
Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord meiner «treningsskam» dekker godt det ein del pasientar opplever.
– Kroppen vår er skapt for rørsle, og det har dokumentert helsebringande effekt både for fysiske og psykiske lidingar. Dette opplever ein del pasientar er vanskeleg, då dei er uroa over kva andre vil tenke og tru, seier han.
Avdelingsdirektør Kjetil Gundro Brurberg ved Folkehelseinstituttet bekreftar at trening ikkje berre er «medisin» for dei med fibromyalgi, men også mange andre pasientgrupper.