Ifølge Yr.no sitt tekstvarsel blir det sørvestleg sterk kuling utsette stadar, og periodevis liten storm.

I områda rundt Stad er det meldt sterk storm i kasta.

Seint måndag kveld blir det vestleg sterk kuling utsette stadar med liten storm i nord. Det vil vere regnbyger og synkande snøgrense til 500-600 meter.

På kvelden er det utrygt for torden.

På Fjordenes Tidende sine webkamera, kan du følge med vêret og ikkje minst om Måløybrua er open eller stengt.