Vi stilte respondentane dette spørsmålet: «I kva grad opplever du at saker frå din del av kommunen blir prioritert i lokalpolitikken»?

28,8 prosent av innbyggarane i Stad kommune svarar at dei er svært misfornøgde eller ganske misfornøgde med prioriteringane.

32,6 prosent svarar at dei er svært eller ganske fornøgd.

33,8 prosent har lagt seg meir midt på treet, medan 5 prosent har svart at dei ikkje veit.

Kakediagrammet viser i kor stor grad innbyggarane i Stad kommune er fornøgd eller ikkje fornøgd med korleis saker frå deira område av kommunen blir prioritert. Foto: InFact

Innbyggarar i ytre uttrykker størst misnøye

Om ein berre ser på svara frå tidlegare Selje kommune får pipa ein annan lyd. Her er heile 43,2 prosent svart at dei er svært eller ganske misfornøgd med korleis deira del av kommunen blir proritert i lokalpolitikken. Med andre ord kjenner nesten kvar andre innbyggar på ein følelse av deira område blir nedprioritert i kommunen.

Vi ser likevel av tala at 21,6 prosent fortel at dei er svært eller ganske fornøgd med prioriteringane.

32,4 prosent av dei spurte i ytre del av kommunen har svart at dei verken er fornøgd eller misfornøgd, medan 2,7 prosent har svart at dei ikkje veit.

Kakediagrammet viser i kor stor grad innbyggarane i tidlegare Selje er fornøgd eller ikkje fornøgd med korleis saker frå deira del av kommunen blir prioritert. Foto: InFact

Blanda følelsar i tidlegare Eid og på Bryggja

Respondentar som bur i tidlegare Eid kommune, inkludert det grensejusterte Bryggja-området, uttrykker også noko misnøye med korleis deira område blir prioritert, men på langt nær så voldsomt som i tidlegare Selje.

22,3 prosent, altså cirka kvar femte innbyggar, meiner det er noko å utsetje på prioriteringane.

Og i denne delen av kommunen svarar mange fleire at det er fornøgde. 37,1 prosent svarar at dei er svært eller ganske fornøgd med prioriteringane som blir gjort.

35 prosent legg seg midt på treet, medan 5,7 prosent har svart at dei ikkje veit.

Kakediagrammet viser i kor stor grad innbyggarane i tidlegare Eid og grensejusterte Bryggja er fornøgd eller ikkje fornøgd med korleis saker frå deira del av kommunen blir prioritert. Foto: InFact

Ei utfordring for neste kommunestyre?

Det er nok ikkje til å kome unna at det blir noko friksjon når to kommunar skal slå seg saman og finne ei felles form. Tala viser at det er noko å ta tak i også i Stad kommune, og at ein i delar av kommunen føler seg meir nedprioritert enn i andre delar av kommunen.

Å samle kommunen meir vil kanskje bli ei av dei største utfordringane for påtroppande ordførar og neste kommunestyre.

Stolpediagrammet viser graden av fornøgdheit kryssa med kor ein bur i Stad kommune. Foto: Infact
Eid + BryggjaSeljeStad
1 I svært liten grad5,7%13,5%8,0%
2 I ganske liten grad16,6%29,7%20,8%
3 Midt på treet35,0%32,4%33,8%
4 I ganske stor grad26,9%17,1%23,8%
5 I svært stor grad10,2%4,5%8,8%
Vet ikke5,7%2,7%5,0%
100,0%100,0%100,0%