– Då naudetatane kom til staden viste det seg at dette handla om bålbrenning. Dette genererte ei full utrykning frå alle naudetatane med brann, ambulanse og politi. Dette er verken heldig, eller på nokon måte lovleg, seier Dan-Inge Gjesdal hos Alarmsentralen.
Gjesdal fortel at bålbrenninga gjekk føre seg i Fjellvegen på Nordfjordeid, og at det var vaksne folk som hadde fyrt opp bålet.
– Det er i utgangspunktet eit totalforbod mot bålbrenning no. I alle fall i byggefelt med tanke på sjenanse for naboar. I tillegg er det uheldig nettopp fordi folk kan tru det brenn i eit hus.