Roger Klungreset er yrkessjåfør og køyrer fylkesveg 616 gjennom Dalen i Bremanger fleire gongar dagleg. - Vegen treng sårt ei oppgradering, seier Klungreset.
I løpet av det siste halvåret har det vore tre relativt kraftige front mot front kollisjonar på fylkesvegen som går gjennom Dalen på Bremangerlandet.
Det er minst sju-åtte farlege svingar på den fem kilometer lange vegstrekninga. Vegen er så smal at det ikkje er passering for to møtande bilar.
- No er det på tide at det vert gjort noko med denne vegstrekninga. Det er minst 25 år sidan det vart gjort nokre mindre utbetringar. Mange stader er det svært uoversiktleg. Vi som køyrer her dagleg veit kvar dei mest farlege punkta er, det veit ikkje dei som ferdast her berre av og til, seier yrkessjåføren, som sjølv er busett på Klungreset, og køyrer denne strekning både med privatbil og tyngre køyretøy, seier han.
Les heile saka i papiravisa onsdag 2. juni.