foto
Dramatisk Historie: Systrene Bjørg Eikeset og Liv Løviknes fotografert på Haugetun hausten 2017. I 1942 måtte dei, saman med familien, flykte frå heim og barndom i Telavåg til Shetland og England. Dei lurte Gestapo – så vidt. Foto: Kjell Askeland

Systrene Liv og Bjørg lurte Gestapo – så vidt

Same natta og med same båt, skøyta «Olav», som Kompani Linge-agentane Hvaal og Værum kom til Telavåg i i april 1942 måtte systrene Liv Løviknes (93) og Bjørg Ryland (87) saman med familien flykte til Shetland. Ingen kunne ane det drama som skulle ramme den vesle bygda berre få dagar seinare.