Varaordførar i Vågsøy og medlem av fellesnemnda for Kinn, Nils Myklebust, har tysdag sendt følgjande ope brev til Vågsøy-rådmann Knut Ove Leite og Kinn-prosjektrådmann Terje Heggheim:

Til rådmann Knut Ove Leite og prosjektrådmann Terje Heggheim.

For 36 dagar sidan så sende eg eit skriftleg spørsmål til dykk som rådmenn angåande dei tala som eg fekk oppgjeve angåande kor mange årsverk som var i kvar av kommunane Vågsøy og Flora, og kor mykje som var dei totale lønskostnadane av desse årsverka.

Terje Heggheim var rådmann i Flora til 1.3.2018, dersom det er den noverande rådmannen som skal svare, så ber eg om at spørsmålet vert retta til han.

Når eg som kommunepolitikar og medlem av fellesnemnda spør dykk som rådmenn, så forventar eg å få svaret frå desse og svara skal vere skriftlege.

At administrasjonen i dei to kommunane kjem med forskjellige forklaringar i media der dei sår tvil om disse tala i hytt og pine, er av liten interesse.

Det vart forsøkt å skape eit inntrykk av at det som underteikna sa om arbeidsgjevaravgifta var berre svada. No har alle erkjent at alt eg sa om dette var rett.

Eg registrerer at det same vert gjort no, og dette finn eg meg ikkje i.

For å ta bort ein kvar tvil om kva spørsmåla var, så skal eg friske opp minnet til rådmennene, og eg skal ha svar på det eg spør om.

1. Kva er det korrekte tal utførte årsverk i Flora og Vågsøy?

2. Kva er dei totale lønskostnadane  av desse årsverka i Flora og Vågsøy.

Svara skal vere SKRIFTLEGE.

Dette vil eg no ha svar på, dersom dette ikkje let seg gjere, så får eg leite opp adressa til Fylkesmannen.

Med venleg helsing

Nils Myklebust