Fylkesmannen sin kontroll av Bremanger-budsjettet enda med at det vart avvist som alt for optimistisk på sida for inntekter.

Administrasjon og politikarar må dermed lage eit nytt budsjettforslag. Fristen for å lage nytt budsjett er 1. april.

Ikkje minst når det gjeld kraftinntekter meiner Fylkesmannen at Bremanger kommune har teke vel hardt i:

"...Kommunen har auka kraftrelaterte inntekter, utbytte og heimfall. mykje meir enn det som var kjent på tidspunktet for vedtak av budsjettet. Etter ei heilskapleg vurdering av kommunen sin økonomiske situasjon, meiner vi difor at kommunen ikkje har lagt til grunn eit "forsiktigheitsprinsipp i budsjettering av desse inntektene." skriv Fylkesmannen i si vurdering ...", og til kommunelova som krev at økonomiplanen for kvart enkelt år skal vise dekning for dei utgifter og oppgåver som er ført opp.