For to av dei, Anders og Emilie, gav det også sjansen til å bygge ein spennande karriere på eigen heimstad.

– Sjømatnæringa har alltid vore ei interesse. Det ligg vel litt i blodet når ein har vakse opp her på kysten. Då eg fekk kombinere jobbinteressene mine med sjansen til å flytte heim, var det å bli trainee i Coast Seafood ein god match , seier Ramsevik Kvalheim.

24-åringen frå Måløy studerte varehandel ved Handelshøyskolen BI før han starta eit masterstudium i maritim leiing ved Universitetet i Sørøst-Norge, som etter kvart skal bli fullført. Ramsevik Kvalheim er med i programmet Seafood Trainee i regi av NCE Seafood Innovation med base i Bergen. I året som trainee jobbar han i innkjøpsavdelinga.

På hovudkontoret til Coast Seafood sit dei fleste tilsette i ope kontorlandskap. Som trainee jobbar Anders Ramsevik Kvalheim for tida prosjektbasert. Foto: Gjert Myrestrand

Han meiner blandinga av nyutdanna og meir erfarne tilsette er den rette oppskrifta for å få ein god start i ein heilt ny jobb og bransje.

– Arbeidsmiljøet her er godt. Her er ein kombinasjon av folk med veldig ulik bakgrunn og fartstid i bransjen. Det gir ein god miks, seier han, og peikar på at det er godt å vite at ein alltid har nokon å gå til med spørsmål.

– Alle må begynne ein plass, og som trainear får vi ein mentor som har ansvar for å følge oss opp. Men vi kan sjølvsagt også spørje kven som helst om kva som helst. Vegen til toppleiinga er kort, og sjølv om det ikkje er mange dører i kontorlandskapet, så står dei dørene som er der opne om det er noko vi vil prate om.

Han trur traineeordninga i kombinasjon med eit ungt arbeidsmiljø gjer det lettare etablere seg i jobben og næringa.

– Ein får treffe folk i same situasjon, både heilt nyutdanna og andre unge som har kort fartstid. Ein blir kjent med folk og kjem fort i gang med å skape seg eit nettverk, seier Ramsevik Kvalheim.

– Coast var mest spennande

Med seg i 2022-utgåva av traineeprogrammet, som starta i byrjinga av august, har Anders med seg Ole Erik Nordstrand, som har vakse opp i Langevåg utanfor Ålesund.

Han har bak seg ein bachelorgrad i marknadsføring frå Handelshøyskolen BI og ein mastergrad frå Norges Fiskerihøgskole i Tromsø.

– Eg har nok eit ganske lidenskapeleg forhold til sjømatindustrien. Eg søkte på ein del ulike stillingar, ikkje berre innan eksport, men litt forskjellig, mellom anna knytt til forsking. Eg hadde fleire moglegheiter, men følte at det å bli trainee i Coast Seafood var det mest spennande, seier Nordstrand, som jobbar i salsavdelinga.

– Sjømatnæringa ligg vel litt i blodet når ein har vakse opp her på kysten, seier Anders Ramsevik Kvalheim (t.v.) frå Måløy. – Eg fekk fleire jobbtilbod, men følte at det å bli trainee i Coast Seafood var mest spennande, seier Ole Erik Nordstrand. Foto: Gjert Myrestrand

Han meiner det å ha ein jobb ein trivst med er viktigare enn geografi.

– Det viktigaste er at eg har ein spennande jobb i sjømatbransjen. Det har eg her i Coast, så det passar perfekt.

I år er det berre Anders og Ole Erik som er trainear i Coast Seafood, og for første gang skal traineane jobbe prosjektbasert.

– Vi jobbar i fleire ulike prosjekt som handlar om innkjøp og sal. Det gir oss ein litt mjukare overgang til det å sitte «live» i ein kjøps- eller salssituasjon og kjenne pulsen i marknaden, seier Nordstrand.

– Blås i tittelen, berre søk!

Emilie Torheim Andal vaks opp i Måløy og er utdanna lektor i Bergen. Ho gjekk frå å vere trainee til å bli fast tilsett innan sal til den europeiske marknaden i mars i år.

Det var reint tilfeldig at 27-åringen blei trainee i Coast Seafood.

Som trainee og nytilsett i Coast Seafood har Emilie Andal gått inn i det med kunnskapen at det er lov å gjere feil. – Haldninga er prøv deg fram, og om du gjer noko feil, så lærer du av det. Foto: Gjert Myrestrand

– Det var faren min som tipsa meg om at det var utlyst traineestillingar hos Coast. Då eg sat i Bergen og las gjennom annonsen, tenkte eg at det såg gøy ut. Samtidig var det trygt å ha lektorutdanning å kunne falle tilbake på om eg ikkje fann meg til rette.

Ho hadde ikkje heilt trua på at ho skulle få stillinga med sin bakgrunn.

– Men så satsar dei jo på lokale folk, og vil gjerne at folk skal flytte heim. Ho ringte for å forhøyre seg. «Blås i tittelen på papiret, og berre søk»» var tilbakemeldinga eg fekk frå Sverre Søraa då eg tok kontakt, smiler ho.

Som fersk i rolla føler Emilie at ho har fått lov å prøve seg – og også gjere feil.

– Haldninga i Coast er: Prøv deg fram - og om du gjer noko feil, så lærer du av det.

Både Ole Erik og Emilie har vore ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram, som ho meiner har gitt noko ekstra når ein er heilt ny i ein jobb.

– Ikkje minst var det fint å reise rundt med dei andre traineane som var med i programmet. Vi hadde fem samlingar der vi reiste rundt og besøkte bedrifter i Sogn og Fjordane. Mange hadde veldig like opplevingar, og det var kjekt og lærerikt å utveksle erfaringar med dei andre.

Mentor for traineane er sals- og marknadsdirektør Olaf Barmen (t.h.) som har eit overordna anvar for traineeordninga. – Han passar på at vi har det bra og at vi fungerer i jobbane våre, smiler Anders Ramsevik Kvalheim, Emilie Torheim Andal, Ole Erik Nordstrand. Heilt til venstre står administrerande direktør i konsernet, Sverre Søraa. Foto: Gjert Myrestrand

Vil halde fram med ordninga

Traineeordninga til Coast Seafood har vore i drift sidan 2017, og dagleg leiar Sverre Søraa meiner den har ei viktig rolle i selskapet som i ei årrekke har vore verdas største uavhengige lakseeksportør.

Selskapet hadde i 2021 ei omsetning på 4,8 milliardar og eit resultat før skatt på vel 80 millionar kroner.

– Det har vore jamn vekst i selskapet, og vi har hatt to måtar å trekke til oss arbeidskraft på. Det enklaste kan vere å annonsere etter folk med kortare eller lengre erfaring frå næringa. Eller vi kan ta den litt lengre vegen gjennom å ta imot nyutdanna. Vår erfaring er at traineeordninga har gjort det lettare å sette nye tilsette inn i vår måte å jobbe på. Ordninga har vore ein suksess, og vi kjem til å halde fram med den, seier Søraa.