– Fugleinfluensa er påvist blant villfugl langs kysten og det kjem inn mange meldingar om døde fuglar også i Nordfjord. Virussjukdommen er svært dødeleg for fuglar og kan også smitte til andre dyreartarar, skriv Stad kommune.

Saman med nabokommunane viser dei til at ein må vere raske med å melde frå om sjuk fugl for å avgrense spreiing av fugleinfluensa.

Då er det Mattilsynet ein skal melde frå til, og ein gjer det ved å sende e-post til innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no om desse artane:

  • andefuglar (ender, gjess og svanar)

  • havsuler

  • måsefuglar

  • vadarar

  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)

  • åtseletarar (kråkefuglar)

  • småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område)

  • rovdyr (primært observasjon av sjuke eksemplar av raudrev, fjellrev, artar i mårdyrfamilien, gaupe, sjå symptom)

  • sjøpattedyr (ønskjer primært melding om observasjon av sjuke eksemplar av steinkobbe og havert, sjå symptom)

Meldinga til Mattilsynet må ha informasjon om:

  • kommune, postnummer, adresse og helst også kartreferanse (som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din)

  • kva art det gjeld

  • kor mange fuglar det gjeld

I Møre og Romsdal er fugleinfluensaen til stede, men det kan ikkje karakteriserast som eit utbrot, ifølge Magne Mo, fungerende regiondirektør i Mattilsynet som uttalar seg til Romsdals Budstikke.

Smittar sjeldan til menneske, men pass på

Sjølv om viruset svært sjeldan smittar til menneske er det viktig at ved tilfelle der du mistenker fugleinfluensa ikkje tar på fuglen eller lar kjæledyr kome i kontakt med den. Sjuk fugl skal vere i fred. Utfyllande informasjon om fugleinfluensa og korleis handtere mistenkte tilfelle finn du hos Mattilsynet.

Les gjerne gjennom spørsmål og svar til befolkninga for å lære meir.