Har sett krisestab: – Vi trur likevel det blir skule som normalt i morgon
Kinn kommune har sett krisestab onsdag kveld etter vinden sine herjingar. Trass i alt kaoset som har oppstått ser det ut til at det blir skule som normalt for barna torsdag.
Kinn-ordførar Ola Teigen har saman med dei andre i kommuneleiinga sett krisestab. I eit møte onsdag kveld har dei gått gjennom blant anna straumutfall, mobilnett og skule.
Foto: Gjert Myrestrand