To menn fekk pålegg om å forlate sentrum etter ein slåsskamp i natt.

Rundt klokka 03 i natt fekk to rusa menn pålegg om å forlate Eid sentrum etter ein slåsskamp. Ifølge politiet var dei to rusa mennene i 20- og 40-åra.

Tidlegare på kvelden, ved 01-tida, vart ein rusa mann funnen liggande på bakken utandørs i Svelgen. Politiet opplyser at mannen ikkje var skadd.

Ambulanse tok seg av mannen i 50-åra.