– Det er ein automatisk brannalarm som har gått av på Kulatoppen omsorgssenter i Måløy, sa vaktleiar ved alarmsentralen til Fjordenes Tidende søndag rundt klokka 12.30.

Dei tilsette på omsorgssenteret hadde gått gjennom bygget og hadde ikkje sett spor av brann eller røyk.

– Dei har ikkje funne grunn til at alarmen skal gå av.

– Det ser ut som det er udramatisk, men brannvesenet er på plass for å sjekke om det er noko gale med ein detektor, opplyste vaktleiaren.

Rundt klokka 13.30 søndag stadfesta alarmsentralen at det var falsk alarm som utløyste utrykkinga.

– Branvesenet gjekk gjennom bygget og fann meldaren som løyste ut alarmen, og det var falsk alarm. Men det er umogleg å seie kva som har utsløyst alarmen, sa vaktleiaren til Fjordenes Tidende.

Foto: Svanhild Breidalen