– Her ligg ikkje ønskjer om ulike ting inne. Dette budsjettet viser situasjonen om vi held fram dagens drift i 2023, seier kommunedirektør Åslaug Krogsæter om 2023-budsjettet.

Administrasjonen har bede alle einingane kome med framlegg til kutt på ti prosent. Kommunedirektøren seier at dette er ein vanskeleg situasjon og at ein har ei drift som ligg langt over bereevne.

– Eg veit ikkje om vi har den same verkelegheitsopplevinga, fordi de opplever at vi kvar haust roper ulv, ulv, men så kjem våren og rekneskapen viser eit mindreforbruk. Det er fordi vi har vore heldige.

– Dette vil ikkje ordne seg av seg sjølv. I 2024 er vi i Robek om vi ikkje klarer å snu skuta, sa kommunedirektøren til finansutvalet torsdag.

Kommunen har hatt fokus i lang tid på å snu alle steinar, men kommunedirektøren ser at det innanfor dagens rammer er veldig vanskeleg å finne dei store innsparingstiltaka.

– To fattige kommunar blir ikkje rike av å slå seg saman. Det har vi visst, men det blir berre verre og verre.

Gjennomgang av budsjettet

Det er fleire ting som ikkje går vegen for Stad kommune i 2023. Veksten i generelle frie inntekter i kommunen neste år er på 20 millionar kroner. Dette er lågare enn landsgjennomsnittet fordi kommunen nesten ikkje har vekst i folketalet. Veksten i frie inntekter totalt er på 36,6 millionar kroner.

Det er også knytt usikkerheit til utbyttet frå SFE og storleiken på utbetalinga frå Havbruksfondet. Likevel er dei lagt inn i budsjettet med høvesvis nær 3,5 millionar og 4,5 millionar kroner. Økonomisjefen håpar verda snur og har lagt inn 6,1 millionar kroner i avkastning frå plasserte midlar.

Eigedomsskatten ligg vidareført på dagens nivå i budsjettet.

Det er lagt inn eit låneopptak på 92 millionar kroner som kommunen ifølge økonomisjefen må gjere og som det er vedtak på.

Det ligg også inne ei auke på rammeområda, spesielt høg auke nær 34,5 millionar kroner, på oppvekst og opplæring.

Tilskotet til Stad kyrkjelege fellesråd ligg inne med ei auke på 234.000 kroner.

Alle postane samla gir ein ubalanse på 76,4 millionar.

Økonomisjef Ole Starheim orienterte politikarane om det konsekvensjusterte budsjettet. Foto: Marianne S. Rotihaug

Tok ei tidsreise

– Det tar tid dette, men det er veldig god informasjon vi får, sa Paul Jacob Helgesen (Sp) om budsjettorienteringa frå administrasjonen.

Han viste vidare til innleiinga frå kommunedirektøren.

– Først vil eg seie at eg skuldar ingen for å rope ulv, ulv.

Helgesen tok så finansutvalet to år tilbake i tid.

– Då var beskjeden at ubalansen var 45,9 millionar kroner. Så byrja vi på ein lik prosess som vi skal i gang med no. Då vi seinare handsama resultatet i Stad kommune, sette vi 47,5 millionar kroner på disposisjonsfond. Vi må vere merksame på uvissa i arbeidet vi skal inn i.

– Noko av situasjonen for to år sidan var at vi var ein ny kommune, der vi ikkje kjente utgiftsnivået til den nye kommunen. Så kom vi i ein pandemi, med sine usikkerheiter. No er vi ein situasjon der vi har 30 millionar meir i utgifter til rentekostnadar, og skjer det ikkje noko dramatisk snart, så er det der vi er, svarte kommunedirektøren.

F.v. Paul Jacob Helgesen (Sp), Anfinn Sjåstad (Frp), Stein Inge Torheim (Sp) og Betty Hessevik (Sp). Foto: Marianne S. Rotihaug

– Vi må ha disiplin

– For meg er det eitt ord som går att, det er disiplin, og då snakkar eg om oss som politikarar. Eg har følelsen av at vi av og til driv med for mykje business og for lite drift. Kanskje vi må kvitte oss med noko for å redusere lånegjelda, seier Sjåstad (Frp).

Han viste til formannskapsmøtet i mai, der politikarane brukte fem millionar kroner på å kjøpe ut Isbilen frå sine lokale på Godsterminalen på Nordfjordeid.

– Argumentet var at dette skulle vi tene inn over tid. Er det dette vi skal drive med? Ein må først kvitte seg med det ein ikkje treng, seier Sjåstad, og held fram:

– Jo meir gjeld du har, desto meir pengar går ut og blir brukt på andre ting enn drift.

– Eg jobbar med omsyn til at kommunen har fire roller. Vi skal vere ein demokratisk arena, ein tenesteproduserande organisasjon, vi har ei forvaltarrolle og ei samfunnsutviklarrolle. Det å seie at vi ikkje skal halde på med ein av desse, det går ikkje, svarte Krogsæter.

Ho viser til at ein innan samfunnsutviklarrolla er det Stad skipstunnel, bustadar og Statens hus som dei arbeider med.

– Noko anna har vi ikkje kapasitet til. Fokuset ligg på tenestetilbodet til innbyggarane våre.